Design, redesign og saum av klede
Rauland - Deltid
Likar du å designe og sy klede? Har du lyst til å lære deg å utvikle design, teikne snitt og målsy klede tilpassa ulike målgrupper?
-
Søk opptak fra: 01. Feb 2025
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Studienivå: Års- og halvårsstudier -
Progresjon: Deltid -
Oppstart: Høst 2025 -
Studieopplegg: Samlingsbasert -
Studiepoeng: 30 -
Søknadsfrist: 15.04.2025 -
Søkekode: 6527 -
Antall semester: 2 -
Undervisningsspråk: Norsk -
Antall studieplasser: 16
Samlingar
Samlingane går over 5 dagar, måndag til fredag.
3 vekesamlingar i haustsemesteret og 3 vekesamlingar i vårsemesteret + eksamensveke.
Vekesamlingane for kommande studieår er satt til følgende veker:
- Høst 24: veke 35, 40 og 48.
- Vår 25: veke 3, 9, 15 og 23.
Kvifor design, redesign og saum av klede?
Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium og kan kombinerast med andre deltidsstudium eller deltidsarbeid.
Dette lærer du
Studiet er delt inn i 5 delemne som samla sett gjev ulike perspektiv på temaet design, redesign og saum av klede.
Det er praktisk arbeid med:
- saumteknikk
- mønsterkonstruksjon og -forming
- måltaking
- tilskjering
- innprøving av plagg på kropp
- tilpassing av plagg
- ulike saumteknikkar
- re-design og omsaum
- modellering m.m.
Kva slags arbeid kan du få?
Studiet gjev deg kunnskap som trengs:
- på private systoger, saum og stoffbutikkar
- ved teater, film og fjernsyn
- med formgjeving innan moteindustri
- undervisning innan design,kunst og handverk.
Vidare utdanningsmoglegheiter
Du kan bruke studiet som ein del av bachelorgrad i tradisjonskunst ved USN.
Studiet kan også førebu deg til å gå vidare innan andre studium i design og tekstil, kostymer, kunst og handverk m.m.
Deler av årsstudiet kan innpasses i lærerutdanningene ved USN. Du må oppfylle opptakskravet til våre lærerutdanninger.
Fagleg bakgrunn
Det er ein fordel om du har litt grunnleggjande kjennskap til saum av klede på førehand. Om ikkje, vil me anbefale eit forkurs hjå Raulandsakademiet eller tilsvarande kurs andre stader.
Studieplan
Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.
Opptakskrav
-
Generell studiekompetanse
Poenggrenser ved forrige opptak:
Deltid
Les mer om ordinær kvote.
Deltid
Les mer om førstegangsvitnemål.