Ver på den sikre sida

På sikresiden.no finn du nyttig opplæring og informasjon om kva du skal gjere i ein krisesituasjon. Lokalt naudnummer ved Universitetet i Søraust-Noreg er 31 00 89 00.

For Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er det viktig å sikre at våre tilsette, studentar og besøkande kan ferdast trygt og ha eit godt arbeids- og studiemiljø.

Beredskap og tryggleik sit i høgsetet i vårt daglege arbeid, og USN har eit eige beredskaps- og tryggleiksutval som skal sikre godt samspel mellom informasjonstryggleik, HMS og beredskapsarbeid.

Viss ein krisesituasjon oppstår, kan du kontakte USN på beredskapstelefon 31 00 89 00. 

sikresiden.no får du opplæring og råd om kva du kan gjere førebyggande og i krisesituasjonar. Løysinga er spesielt tilpassa studentar og tilsette på universitet og høgskolar.
Dei svarte ikona gjev informasjon om førebyggande tryggleiksarbeid, mens dei raude ikona gjev råd til akutte situasjonar som vald, trugslar, brann, fyrstehjelp og så bortetter. Informasjonen finst på både norsk og engelsk.

Vi anbefaler alle våre studentar og tilsette å laste ned nettsida sikresiden.no og ha denne lett tilgjengeleg som ein snarveg på mobiltelefonen. Hugs at du alltid må vurdere sjølv kva som er best å gjere i en konkret situasjon.

Du finn også ein snarveg til sikresiden.no i Student Sørøst-appen.

Overordna dokument

Fellesstyret vedtok 18. desember 2015 beredskapsplan for USN, med tilhøyrande retningsliner for beredskap og tryggleik ved USN.

Tilsette på USN finn tiltakskort og vedlegg på intranettet.