Forskningsformidling

Professor Solfrid Bratland-Sanda heldt foredrag på Laurdagsuniversitetet i Larvik om presset som ungdom vert utsett for. Laurrdagsuniversitetet er ein av arenaene der USN driv forskingsformidling.
PÅ BILDET: Professor Solfrid Bratland-Sanda heldt foredrag på Laurdagsuniversitetet i Larvik om presset som ungdom vert utsett for. Laudagsuniversitetet er ein av arenaene der USN driv forskingsformidling.

Vi treng kunnskap, og den treng ikkje gøymast i lærebøker og auditorium.

Forskinga bidrar ikkje til utvikling og forandring før omgivnadene blir kjende med forskinga. Forskingsformidling er derfor ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt.
 
På ein lettfatteleg måte kan forskarane våre fortelje om tema dei er ekspertar på. Kunnskapen deira er kvalitetssikra gjennom årelang forsking og gjennom vurdering av andre ekspertar.
 
 

«På Laurdagsuniversitetet kan du høyre foredrag om aktuelle tema og bli med på diskusjonen etterpå.  Det er fint å kunne møtast og lære noko nytt, gjennom eit kunnskapsbasert ordskifte.

USN-forskarar når heile verda

Mens Laurdagsuniversitetet er lokal forskingsformidling, representerer TED.com eit globalt publikum. Knut Ivar Bjørlykhaugs TEDx Talk om økosorg har nær ein million visningar. Flere USN-forskarar har også bidratt med TEDx Talks, som du kan sjå her. Og her.

 

Ønskjer du kontakt med ein forskar?

Mange forskarar ved USN held populærvitskaplege foredrag. Her finn du ei oppdatert oversikt.

Er du journalist og treng hjelp? Seksjon for media og formidling bidrar med å opprette kontakt med våre fagfolk og fagmiljø.

Ekspertliste for journalistar

Vi har mange tilsette som kan svare på spørsmål innanfor ulike forskingsområde. Her kan du enkelt søkje dei opp på fagområde.