Universitetet i Søraust-Noreg sto i fjor for ein rekke arrangement i Buskerud, Telemark og Vestfold. Festivalklare forskarar børsta av seg støvet og reiste ut til gøyale scener og rom for å dele av kunnskapen og innsikta si om alt frå skolevegring til bedre helse i Oslofjorden.
Kva er Forskingsdagane?
Forskingsdagane er ein årleg, nasjonal forskingsfestival i regi av Noregs forskingsråd (NFR), der målet er å skape begeistring og forståing for forsking blant ålmenta.
Årets tema: «Tryggleik»
Les meir om tema for årets festival (forskningsdagene.no).
Tryggleik kan handle om helse, oppvekst, teknologi, klima, økonomi, demokrati og mykje anna.
USN vonar å invitere til fleire arrangement knytt til ulike former for tryggleik i september 2025, men óg arrangement om andre viktige tema. Du vil finne ei oversikt her i juni.